Skriftlig spørsmål og svar om reduksjonsplikt

Publisert

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) har nå besvart spørsmålet fra stortingsrepresentant Terje Halleland (FrP) knyttet til reduksjonsplikt.

Som tidligere omtalt har reduksjonsplikt nådd Stortinget, i form av et skriftlig spørsmål, som et resultat av sesjonen vi arrangerte om dette temaet under Mobilitet 2021-konferansen.

Svaret fra statsråd Rotevatn lyder slik:

«Utsleppa frå transportsektoren må ned. Det handlar om å redusere transportomfanget, og å få til ein overgang til kollektivtransport, sykkel og gange, samtidig som vi må redusere utsleppa frå køyretøya vi nyttar. Biodrivstoff er saman med nullutslepp og biogass ein del av løysinga for å redusere desse utsleppa.

Eg er kjend med reduksjonsplikt og at det er innført i Sverige frå 1. juli 2018. Plikta inneber at dei som sel drivstoff skal redusere klimagassutsleppa frå dei fossile drivstoffa som blir selde i eit meldt tempo. Reduksjonane skal skje ved at biodrivstoff erstattar fossilt drivstoff. Reduksjonane blir målte ved å samanlikne drivstoffa sine livsløpsutslepp opp mot dei respektive fossile alternativa, utan innblanding. Høginnblanda biodrivstoff som biogass, HVO100, E85, B100 og ED95 er unnateke reduksjonsplikta. Desse alternative brensla har fritak frå energi- og karbonskatt.

Regjeringa vil auke bruken av berekraftig biodrivstoff. Eg meiner omsetningskravet er eit formålstenleg verkemiddel for å auke bruken av biodrivstoff. Gjennom omsetningskravet kan vi ha kontroll med at det biodrivstoffet som blir brukt i Noreg er berekraftig. Vi kan premiere avansert biodrivstoff framfor konvensjonelt. Vi kan auke omsetningskravet ut frå vurderingar av behovet for utsleppskutt, pris, tilgang på biodrivstoff og risiko for avskoging. Om reduksjonsplikt skal kunne omfatte alle fornybare energiberarar og ha meirnytte samanlikna med eit omsetningskrav, så må det på plass utsleppsfaktorar for dei ulike energiberarane. Eg følgjer med interesse EU sitt arbeidet med alternative fornybare drivstoff.

I Meldt. St. 13 (2020-2021) Klimaplan for 2021-2030 legg regjeringa fram ei rekkje signal om den vidare bruken av biodrivstoff som er basert på omsetningskrav som modell. Regjeringa vil som eit minimum halde på dagens omsetningsvolum av biodrivstoff i vegtrafikk og ta sikte på innføring av eit omsetningskrav for anleggsdiesel som mot 2030 blir auka til same nivå som i vegtrafikken. Vi vil òg innføre eit omsetningskrav for skipsfart og vurdere vidare auke for luftfart.

I tillegg til dette har regjeringa spesifikke verkemiddel for å fase inn nullutslepp og biogass og generelle verkemiddel som CO2-avgifta for å gjere det dyrare å forureine.»

Drivkraft Norges kommentar

– Vi syns det er bra spørsmålet ble stilt. Svaret er mest en utgreing om omsetningskravet. Det har fungert, men vi mener det finnes bedre løsninger og derfor ønsker vi å få reduksjonsplikt utredet, sier generalsekretær i Drivkraft Norge, Inger-Lise M. Nøstvik.

Fremover vil Drivkraft Norge fortsette sitt arbeid med å fremme reduksjonsplikt:

– Vi vil jobbe videre med å gå i dialog med relevante politikere og embetsverket for å se et slikt system. Reduksjonsplikt vil være en mer treffsikker metode for å redusere klimagassutslipp fra veitransporten.